- Unngå småeting mellom måltida.
- Avslutt måltidet med basiske matvarer som t.d. ost eller mjølk.
- Drikk mindre brus, juice og syrehaldige sportsdrikkar.
- Det kan vere lurt å skylje munnen med vatn etter inntak av syrleg mat og drikke.
- Vent ein time med å pusse tennene etter inntak av syrleg mat og drikke.
- Bruk mjuk tannbørste, og ikkje børst for hardt.
- Skyl regelmessig med fluor. Fluor vil styrkje emaljen og førebyggje vidare skadar.
Hyppige sure oppstøytar og eteforstyrringar som medfører oppkast, kan gje syreskadar på tennene. Om du lid av dette, bør du ta opp dette med fastlegen.
Omfattande syreskadar der mykje emalje er gått tapt, kan vere kostbart å reparere. Det er difor lurt å vere tidleg ute og stogge utviklinga av desse skadane.