Eit komplett mjølketannsett har 20 tenner. Dei første tennene som bryt fram, er vanlegvis
framtennene i underkjeven. Dette skjer som regel når barnet er 6–8 månadar gammalt. Dei siste mjølketennene som kjem, er dei bakarste jekslane i overkjeven. Dette skjer ved 2 ½-årsalderen. Sjå skjemaet (fig. I) for ei meir fullstendig oversikt over frambrot av mjølketenner.
Tala i frambrotsskjemaet er gjennomsnittstal. Det er difor viktig å hugse på at tidspunktet for frambrot kan variere med fleire månadar, og at mykje er innanfor «normalen».